Den 10.10.2017 markerte folkehøgskulen «Verdensdagen for psykisk helse», med tema «Noe å glede seg over». Eit viktig fokus i ungdomen sin kvardag. Dagen blei nær, den blei ekte, og den blei verdifull. Ein dag til ettertanke og refleksjon, ein dag som gav oss følelsen av eit fellesskap av dei sjeldne. Oss vaksne og ungdomane. Dette skal me bygge skuleåret vårt på!
Den 12.10 kom forslaget til statsbudsjettet. Det kjendest som om den spesielle og gode dagen vår blei slått i hel av «Moder Norge», med forslag om kraftige kutt i tilskotet til folkehøgskulen. Me fekk oss ein skikkelig ein på trynet!
Kva er det som skjer!?
Som tilsett i folkehøgskulen, undrar dette meg veldig. At det i det heile tatt er tema, å redusere tilskotet til dette skuleslaget. Kva er det som skjer med satsinga på ungdomen? Kva skjer med tiltrua til oss som jobbar her?
Som tilsett i folkehøgskulen, undrar dette meg veldig. At det i det heile tatt er tema, å redusere tilskotet til dette skuleslaget. Kva er det som skjer med satsinga på ungdomen? Kva skjer med tiltrua til oss som jobbar her?
Folkehøgskulen er eit skuleslag ein skal vera stolte av. Det er eit skuleslag ein ikkje skal tulle med. Det er ingen som kan ivareta ungdomar betre enn folkehøgskulen. Det er ingen andre stader, der ungdomane kan få fylgje av vaksne personar gjennom heile dagen, heile veka, heile året. Sårt tiltrengt støtte, vegleiing og nærvær. Det er eit heilt unikt samarbeidsprosjekt, å bygge gode kvardagar, som ungdomen tek med seg på vegen vidare inn i vaksenlivet.
Dette er viktigare enn nokon gong!
I tillegg til den enkelte eleven, samarbeider Folkehøgskulen gjerne med elevens tidlegare skule, føresette, flyktningtenesta og helsetjenester.
Me tenker altså heilheit, og gir ungdomen «Full pakke» på livsvegen. Det er då ingen ting som er av meir betydning, enn tiltru, stabilitet og tryggheit, i møte med vaksenlivets utfordringar.
Folkehøgskulen er ein livsviktig vegleiar for ungdomen. Viss ikkje dette skuleslaget kan få lov, kven skal då ta på seg oppgåva?
Det er på tide å vakne opp, og ta innover seg, kva dette kutt-forslaget inneber. Norge har ikkje råd til å kutte i dette skule-tilbodet. Me har ikkje råd til, og kan heller ikkje risikere å la ungdom «falle av» på denne viktige vegen i livet.
Lat folkehøgskulen få lov til å fortsette arbeidet med å gi livsviktig næring til ungdomen. Det er me best på! Og for all del: Ikkje undervurdèr oss!