1. desember på Idrettsskolen

 

Adventstida har starta for fult. Det var stemningsfult å koma inn på tunet i dag, der stjerner og kransar lyste i alle vindu.

På dagens morgensamling blei  luke nr 1 åpna, og Marita og kjøkkengjengen delte ut sjokoladekallendere til alle elevane. Dei som ikkje var stått opp enda, blei vekt og fekk kallender på senga.

Elevane og lærarane gjekk til undervisning, enten i idrettshallen, svømmehallen eller ut i det flotte vinterveret.

Vaktmestere, reinholder og kjøkkenpersonale har rydda, vaska, måka snø, baka julekaker og pynta til jul. Nokre elevar var var med på, pynting av juletre. Takk til Brynjar, Ida, Victoria og Fidaa!

 Me ynskjer alle ei fin adventstid og håpar på god førjulsstemning. Dei neste dagane blir det juleverksted,  julevask,  peiskos, gløgg, julesongar og julemiddag. Mykje å sjå fram til her på Idrettsskolen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *