Ørjans hjørne – Laget har begynt å sette seg!

Skoleåret er en god uke gammelt, og på Idrettsskolen er vi opptatt av samhold, sosialisering, lagspill og samarbeid. Derfor er det godt å se at «laget har begynt å sette seg», som vi sier på fotballspråket. Med mange nye spillere (nesten 100 elever) på laget, er det mye jobb med samspillet og relasjonene mellom hver enkelt spiller og lagdel i laget i starten.

Fortsett å lese «Ørjans hjørne – Laget har begynt å sette seg!»

Helgebesøk på Idrettsskolen

Me nærmar oss midten av september, og den første heimreisehelga for elevane stod for tur. Ei etterlengta frihelg, etter ein aktivitetsfylt og god oppstart. Det var kun ei lita gruppe elevar igjen på tunet.
Då er det fint å fylle opp tunet med besøk!

Holmestrand/Tønsberg svømmeklubb har hatt treningssamling her, med nesten 40 deltakarar. Dei kom til middag på fredag, og har stort sett svømt seg gjennom helga, kun avbrutt av gode måltider, leik og sosialt samvær. Me takkar for besøket! Dette er faste gjester som me setter stor pris på å ha på besøk. Velkommen igjen!

Søndag var det i tillegg stor stas å ta imot 50-års-jubilanter til omvisning, historie og lunsj. Dei var 30 personar (av eit kull på 50), som tilbringa helga ilag.

Jubilantane fekk sjå den enorme utviklinga som Idrettsskulen har gjennomgått på desse 50 åra. Ekstra triveleg var det at deira lærar, Olav Rostad kom som gjest.

Det var mykje mimring, og gamle historiar blei fortalt. Sola skein, og latteren satt laust. For ein flott dag!

–Og Idrettsskolen viste seg frå si beste side! Mange takk for eit stasleg besøk! Det var ei stor ære å ha elevkullet frå 1965/1966 på besøk!

Marita